Gå til hovedinnhold

Skrivepress og skriveprosess


Kva skal vi eigentleg med norskfaget? Alle kan jo norsk. Høyrest denne påstanden kjent ut? Ja? Det gjer den i alle fall for meg. Eg har høyrt den i klasserommet, både som lærar og elev. Eg har ytra den sjølv, både som lærar, elev og student. Kva skal eg eigentleg med dette? Kvifor er dette viktig? Eit spørsmål mange fagnerdar fnys ved tanken på, men som elevar stiller med oppriktigheit. Kvifor skal eg legge ned tid og energi i å lære akkurat dette, når det er så mange andre ting eg heller ser nytta av?

Norskfaget i skulen rommar mange delar. I føremålet for faget står det at «norsk er eit fag sentralt for kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling». Det er ikkje småtteri elevane skal lære gjennom 5 små timar i veka. Faget skal skape danna individ med lokal, nasjonal og internasjonal forankring, med hjarte for eit felles fellesskap. Det skal styrke elevane si evne til å kommunisere, både skriftleg og munnleg. Det skal skape individ og samfunnsmennesket. Med eit fag som rommar så mykje, er det ikkje rart elevane treng gode grunnar til å ønske å lære noko..!

«Lesing og skriving er det mest grunnleggende formålet med all utdannelse», skriv Skjelbred og Veum i sin artikkel om literacy (2013, s. 11). Kanskje litt sjølvmotsigande, når vi nett har slått fast at utdanning i norskfaget er så mykje meir enn kommunikasjon (som jo er samleomgrep for lesing og skriving). Eller er det eigentleg det? Vi utdannar individ til eit samfunn – eit samfunn der somme kompetansar er meir viktige enn andre. I vårt moderne samfunn kjem du ikkje langt utan å kunne lese og skrive. Dysthe og Hertzberg peikar på at «å kjenne seg trygg på eigen dugleik i å lese, skrive og snakke er heilt avgjerande for å delta aktivt som medborgar i samfunnet» (2014, s. 31). Sånn sett er ikkje påstanden til Skjelbred og Veum heilt på jordet. Tvert i mot vil eg gjere sette han på heidersplass. Kan du ikkje skrive, er du dømt til eit liv i utanforskap.

Ein samla kompetanse frå mange universitetsemne har vist meg dette, men det er berre eitt fag som har vist meg kva eg kan gjere med det. Faget eg snakkar om er NORD2220 Skriving – tekst og skriveprosessar. Eit fag der eg eigentleg ikkje lærte noko nytt, men samstundes lærte meir enn eg trudde var mogleg. Korleis kan dette gå til, tenkjer du? Jo, det skal eg fortelje deg.

Den sosiokulturelle læringsteorien som er ein slager i  skulen i sag, legg stor vekt på at vi skal møte elevane der dei er. Som lærarar skal vi knyte den nye kunnskapen vi formidlar saman med kunnskapar elevane allereie har, slik at dei kan oppnå maksimal utvikling. Kanskje er det nett på grunn av dette at eg fann NORD2220 så nyttig. Som sagt lærte eg ikkje mykje nytt, men eg fekk eit djupare og meir inngåande perspektiv på det eg allereie kunne. Då eg var ferdig med faget hadde eg ikkje berre fagkunnskapar – eg hadde også metakunnskap og ferdigheiter knytt til temaa vi arbeidde med.

Så kva er det eigentleg som er så nyttig med dette faget, dersom vi ser det i ein norskfagleg skulekontekst? For å kunne ta stilling til dette spørsmålet, vil eg gå inn på eit av kjerneelementa i faget: Skriveprosess. Kva er eigentleg skriving? Korleis starte ein tekst? Kva er ein god tekst? Korleis skrive i det heile teke? Svara på desse spørsmåla er for mange, inkludert meg sjølv, ganske innlysande. Eg er fagleg sterk, har alltid vore det, og desse spørsmåla har eg aldri stilt meg sjølv ein gong. Men for andre kan dei vere ei stor hindring. Allereie i 1983 publiserte Shirley Brice Heath ein studie som viser korleis ungar frå ulike sosiale miljø blir sosialisert inn i ulike tekstverder (Blikstad-Balas, 2016, s. 38). Ho fann ut at det var store forskjellar på kva som blei sett på som relevant kompetanse i ulike miljø. I praksis vil dette seie at somme born kan møte skulen med ein kjennskap til dei tekstkulturane som finst der. Andre born møter ei ukjend verd. Dette påverkar også elevane sine kjennskapar og kunnskapar når det gjeld å produsere tekst – altså skriving. Det er ikkje gitt at alle forstår kva eller korleis ein tekst er/blir skapt. Sjølv om studien er gamal, vil eg påstå han er relevant også i dag – kanskje enda meir relevant med tanke på dagens utvida tekstomgrep.

Skriving er ein stor del av norskfaget. Heile 9 kompetansemåletter 10.trinn  knyt seg direkte til skriftleg kommunikasjon, og endå fleire kan knytast til skriftlege ferdigheiter. Så då blir spørsmålet: Lærer vi eigentleg elevane korleis dei skal skrive? Tar vi det for gitt at dei veit korleis dei startar ein skriveprosess? Kan vi eigentleg å skrive sjølv? Her er det NORD2220 kjem på bana, med relevant kunnskap. På grunn av dette er faget så viktig. I NORD2220 lærer vi å skrive på nytt. Vi lærer om skriveprosess, om omarbeiding, respons og om å skrivehjelp. Vi får reiskapar vi kan nytte både i eksplisitt skriveopplæring, men også til å formidle dei andre kompetansane norskfaget rommar.

Eg vil dvele litt med nettopp skriveprosessen. Det er i kunnskap om prosessen det geniale ligg. Der er her vi kan møte elevane og hjelpe dei til å bli betre skrivarar, betre individ og betre medmenneske. Her ligg det eit enormt, lite utnytta potensiale for læring. Korleis veit eg det? Jo, eg opplevde det sjølv då eg blei tvinga til å reflektere over min eigen og andre sin skriveprosess. For kva er eigentleg dette? Skriveprosess kan definerast som ei skildring av dei ulike arbeidsfasane frå ein får oppgåvetema til eit ferdig produkt (Dysthe, Hertzberg og Hoel, 2010, s. 37). Det er prosessen frå leire til vase. Det er famling i mørkret, eller ein snøball som byrjar å rulle. Det kan vere så mangt. Her finn vi magien i skriveprosessen.

I NORD2220 lærte vi å sette ord på dei ulike delane av prosessen. Vi lærte kva som kunne vere vanskeleg, og vi lærte korleis vi kunne meistre utfordringar. Vi fekk den teoretiske kunnskapen, men også ferdigheitene i og med at vi måtte produsere tekst. Vi lærte å sette ord på taus kunnskap. Fodstad (2017, s. 22) peikar på at «læreren må ikke bare være en erfaren leser og skriver, men kunne bruke denne erfaringen til å hjelpe elevene videre. Dette er vanskelig om kunnskapen forblir taus». Med bakgrunn i dette vil eg stille deg spørsmålet: Korleis kan du hjelpe dine elevar å bli betre på å skrive, eller meistre skriving i det heile teke, om du ikkje sjølv har eksplisitt kunnskap om skriving?

Å la elevane få innsyn i ein faktisk skriveprosess, trur eg vil lette skrivinga for mange. For mange elevar trur at alt må vere rett frå første bokstav, og dette hindrar dei i sjølve skrivinga (Dysthe og Hertzberg, 2014, s. 24). For det er ikkje sånn at skriving er ei rett line. Tvert i mot ser kanskje prosessen meir slik ut:



Eit virrvarr av fram og tilbake, endringar, stryking og omarbeiding. Ingen skriv rett frå første bokstav. Denne kunnskapen trur eg er viktig inn i norskfaget i skulen. I dette litt også skriveprosessen sitt danningspotensial. Ved å la elevane sjå at ingenting er perfekt med ein gong, og ved å vise dei at produkt kan formast og forbetrast, kan vi skape forståing for at elevane sjølv er i utvikling. Og at dette er heilt ok. Desse erfaringane er sårt trengt i eit samfunn prega av forventningar og press.

Menneske treng hjelp og rettleiing for å vekse. Elevar treng hjelp og rettleiing i arbeidsprosessar (Dysthe og Hertzberg, 2014, s. 15). Lærarar treng kunnskap om korleis dette kan gjerast. Derfor er kunnskapen NORD2220 formidlar om blant anna skriveprosess viktig for norskfaget i skulen. Det gir oss omgrep vi kan sette på taus kunnskap. Det tydeleggjer korleis ein kan skrive. Ikkje minst viser det oss korleis vi kan hjelpe elevar som slit med å kome i gang med skrivinga. Dette er viktig i eit norskfag der skriftleg kompetanse står sterkt.  


Ingrid Løvoll

Kjelder:
Blikstad-Balas, M. (2016). Literacy i skolen. Oslo: Universitetsforlaget.
Dysthe, O. og Hertzberg, F. 2014. Skriveopplæring med vekt på prosess og produkt. I K. Kverndokken (red.) 101 Skrivegrep – om skriving, skrivestrategier og elevers tekstskaping, s. 13-35. Oslo: Fagbokforlaget/LNU.
Dysthe, O., Hertzberg, F. og Hoel, T. L. 2010. Skrive for å lære. Oslo: Abstrakt forlag. 
Fodstad, L. A. 2017. Hva jeg snakker om når jeg snakker om norskfaget. Noen strøtanker om litteratur, literacy og læring. I Norsklæreren 1/17, s. 17-24. 
Skjelbred, D. og Veum, A. 2013. Innledning – Literacy i læringskontekster. I D. Skjelbred og A. Veum (red.) Literacy i læringskontekster, s. 11-25. Oslo: Cappelen Damm. 

Kommentarer

  1. Det er fint at du trekker inn kjerneelementene i læreplanen og underbygger påstandene dine med pensumlitteratur fra emnet NORD2600 du trekker fra mange gode poenger i dette blogginnlegget, og underbygger faget NORD2220 på en god måte. Etter å ha lest dette blogginnlegget skulle jeg ønsket at også jeg hadde valgt dette faget.

    Jeg er lurer på hvordan du mener at skriveprosesen kan føre til at elevene blir bedre individ og bedre medmennesker? Kanskje du kunne kommet med noen eksempler på dette? Spørsmålet «Korleis kan du hjelpe dine elevar å bli betre på å skrive, eller meistre skriving i det heile teke, om du ikkje sjølv har eksplisitt kunnskap om skriving?» kommer kanskje litt sent i blogginnlegget? Du har allerede skrevet over halve teksten, og det gir liten plass til å besvare spørsmålet du stiller.

    SvarSlett
  2. Som alltid er jeg imponert over skrivingen din Ingrid. Jeg elsker virkelig den lette tonen du har gjennom teksten!

    Jeg synes du aktualiserer temaet ditt på en spennende måte! Flott at du både viser til læreplanen og pensumlitteratur, samtidig som du gjør rede for dine egne meninger.

    Jeg har skikkelig sansen for måten du har beskrevet NORD2220 på. Et fag som ikke egentlig lærte deg noe, men som samtidig lærte deg mer enn du trodde var mulig. Dette er en beskrivelse som jeg kjenner meg veldig godt igjen i.

    Du gjør godt rede for hvordan NORD2220 er relevant for norskfaget, både for deg som lærer og for elevene dine. Jeg liker at du fokuserer på at elevene trenger innsyn i faktiske skriveprosesser (som det virrvarret de er) og at dette kan bidra til å lette på det presset som mange elever føler. En fin måte å knytte både NORD2220 og norskfaget opp til aktuelle samfunnsforhold.

    Du har noen få skrivefeil her og der i teksten. Blant annet skriver du "skolen i sag" og du mangler et mellomrom i linken til kompetansemålene etter 10.trinn. Dette var det jeg klarte å finne.

    Godt jobba!

    SvarSlett
  3. Jeg liker innledningen din godt! Du aktualiserer og problematiserer godt, og bruker gjenkjennbare eksempler. Videre er teksten trinnvis og logisk oppbygd, og det gir god oversikt så leseren lett henger med. Jeg liker også det muntlige språket ditt. Du trekker inn pensum og knytter det til fagområdet på en veldig naturlig måte. Det at du trekker inn leseren aktivt ved å stille spørsmål rettet mot hen, liker jeg også. Figuren illustrerer også temaet godt, og avslutningen oppsummerer det på en ryddig måte.

    Innholdsmessig syns jeg, som nevnt, at teksten er logisk oppbygd. Du bruker også pensum på en god måte til å begrunne dine egne tanker. Og i denne teksten har dine egne tanker en veldig naturlig og nødvendig plass. Du ser problemer og kommer med løsningsforslag basert på kunnskap både ifra pensumlitteratur, disiplinfaget og praksis. Både for elev og lærer. Det viser en god refleksjon, og du har derfor også tyngde i løsningsforslagene dine.

    Det eneste jeg har å sette fingeren på er et par skrivefeil. Blant annet tror det skal stå "ligg" i stedet for "litt" i nest siste avsnitt.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Hvordan skal man tolke og forstå Ibsen?

Skolefaget norsk er et stort fag som omfatter flere ulike aspekter og tema. Dersom man tar en rask titt på kompetansemålene for norsk i videregående skole, ser man at elevene skal lære muntlig og skriftlig kommunikasjon, og de skal lære om språk, litteratur og kultur. Disse hovedgruppene er delt inn i ulike kompetansemål som blant annet innebærer retorikk, lesing av skjønnlitteratur og sakprosa, tolkning og vurdering av tekst, form og innhold, bokmål og nynorsk, sjangerkunnskap, litteraturhistorie og språkhistorie, med mer. En munnfull der altså. Gjennom årsstudiet i nordisk kommer vi inn på lignende tema, og jeg tenker å se nærmere på forholdet mellom litteraturhistorieemne NORD1108 og litteraturhistorie i skolefaget norsk i dette blogginnlegget.   I faget NORD1108 Nordisk litteraturhistorie leser vi litteratur fra norrøn tid og frem til i dag, og lærer om form, innhold og tematikk som har vært gjeldende i de ulike litterære epokene. Altså både leser vi skjønnlitteratur og...

«Verbing sprøer språket», kan det være en utvei?

«Verbing sprøer språket», kan det være en utvei? Språket er i konstant utvikling, og en kan se forenklede bøyningsmønstre og verb som blir omgjort til substantiv hos elever. Eksempelvis kan man i dag se setninger eller fraser som «det var en tull» istedenfor «Jeg tulla» eller «I tillegg kan vi på innpakningspapiret sjå logoen til Kvikklunsj» istedenfor «På innpakningspapiret kan vi i tillegg sjå logoen til Kvikklunsj». For å kunne gi elevene rett og konstruktiv respons på grammatikalske feil, mener jeg det er nødvendig at vi har et fag som NORD1102. I dette blogginnlegget skal jeg derfor ta for meg forholdet mellom NORD01102 (grammatikk og pragmatikk) og skolefaget norsk. Grunnlaget for sammenlikningen av de to fagene vil være en pensumartikkel fra emnet NORD2600. I Tonnes tekst «Lærarrespons på skriving i grunnskulen. Forståing, effekt og moglegheitar» skriver hun om hvordan nettopp lærerens grammatikalske og syntaktiske kunnskap, eller mangel på kunnskap, påvir...